Melding i samband med fylkessamanslåinga 1. januar 2020

Oppland og Hedmark blir slegne saman til Innlandet 1. januar 2020.

Alle kommunane i Innlandet får då nye kommunenummer- Vestre Slidre får kommunenummer 3452.

Dette vil få ein del konsekvensar bl.a. for oppretting av eigedomar og tinglysing av desse framover til dette er skjedd.

Av tekniske årsaker gjer Kartverket fylgjande grep i samband med fylkessamanslåinga og overgangen til nytt kommunenummer:

  • Matrikkelen stenges for all oppdatering i perioden 13. desember 2019 kl. 18:00 og til utløpet av 1. januar 2020.
  • Grunnboka stenges for all oppdatering i perioden 27. desember 2019 kl. 20:00 og til utløpet av 1. januar 2020.

 

Kommunen må i størst mogeleg grad ferdighandsame alle saker som skal sendast til tinglysing innan 29. november 2019.

Vi  ber difor alle som planlegg eigedomsoverdraging i resten av 2019 om å merke seg dette!

 

Meir informasjon finn du i dette brevet frå Kartverket-   , eller på heimesida til Kartverket- www.kartverket.no.