Namneframlegg/namnesak til høyring

I samband med godkjenning av nye vegnamn i Vestre Slidre kommune, legg namnnemnda ut forslag til vegnamn på 30 private vegar til offentleg ettersyn. Dette er i hovudsak namn på nye vegar i private hyttefelt. I tillegg eit namn på ein varde langs Kvislavegen.

Forslag til nye vegnamn kan du sjå her (PDF, 118 kB).

Kommunal namnesak for å få avklart skrivemåten for dette namnet med avleiingar:

  • Hovrud/Håverud (bruksnamn på gnr. 58 bnr.3, 7 og 13)- forslag til skrivemåte frå Kartverket – Haaverud

Samstundes reiser Kartverket namnesak for desse namna med avleiingar for å få avklart skrivemåten:

  • Fiskeløyse - forslag til skrivemåte frå Kartverket- Fiskeløyset/ Fiskeløysa
  • Kringlehovda/ Kringelhovda-  forslag til skrivemåte frå Kartverket- Klingerhovda
  • Svulttjernet- forslag til skrivemåte frå Kartverket-Svultatjernet
  • Hestehagen (li)
  • Kyrkja (stup)
  • Rosshamrane(stup)
  • Strøsklantene(rygg)

Kart kan du sjå her (PDF, 2 MB).

Framlegg til andre namn eller skrivemåtar sendast Vestre Slidre kommune, Slidrevegen 16,  2966 Slidre, eller elektronisk til post@vestre-slidre.kommune.no innan 17.08.2020.