Namnesak i Vestre Slidre kommune – lokal høyring

I samband med adressering i Vestre Slidre kommune har kommunen bede Kartverket ta opp namnesak for namna Gardvik/Garvik, Fossheim/Fosheim, Mosvatnet/Movatn/Movatnet og i tillegg namnesak for Nørdre Trollhovd/Nørre Trøllhøvd og Storhovd/Storhøvd.

I tillegg tek Kartverket opp namnesak for Kåta/Kota/Køta i samband med vedtak av adressenamnet Køtavegen. Kartverket sender med dette saka til lokal høyring i kommunen. Både primærnamna og avleia namn er teke med i saka. I namnesak som gjeld bruksnamn vert det sendt ut eige brev direkte til dei dette gjeld.

Før Kartverket gjer vedtak har kommunen rett til å uttale seg. Liste over aktuelle namn er lagt ut til gjennomsyn på kommunen si heimeside. Skrivemåten av primærnamnet vil normalt vere retningsgjevande for skrivemåten av namnet i andre funksjonar. Kommunen bed om ditt syn på kva som er rettig skrivemåte for dei aktuelle primærnamna.

Høyringsbrev og liste over aktuelle namn med avleiingar kan du sjå her:  

Høyringsbrev (PDF, 113 kB)

Liste over namn (PDF, 207 kB)

Eventuelle innspel og kommentarar kan sendast skriftleg til Vestre Slidre kommune, Slidrevegen 16, 2966 Slidre eller på epost: post@vestre-slidre.kommune.no innan 15. mai 2023.