No kan bedrifter og næringsaktørar søkje på ekstraordinært næringsfond knytt til korona-utbrotet

Klikk for stort bilete Vestre Slidre kommune får 1,3 mill. kroner i tilskot til ekstraordinært næringsfond som følgje av COVID-19 utbrotet.

Bruk av midlane er regulert i eigen forskrift: FOR-2020-06-30-1437 "Midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet". Midlane skal sette kommunane i stand til å legge til rette for auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial. 

Målgruppa er bedrifter og næringsaktørar. Midlane skal kunne nyttast til bedriftsretta støtte og andre næringsretta tiltak som kommunane meiner er viktige for å motvirke dei negative konsekvensane av koronavirusutbrotert. 
Ved vurdering av søknader vil kommunen legge vekt på tiltak som sikrar arbeidsplassar, og stimulere til verdiskaping og økonomisk aktivitet i Vestre Slidre. Det er også viktig at tiltaket kan settast i verk ganske raskt. 

Søknad om støtte må skje elektronisk på www.regionalforvaltning.no. (gå til Støtteordningar/Innlandet og finn ordninga «Vestre Slidre – Ekstraordinært kommunalt næringsfond – COVID-19»).