Nye nasjonale koronatiltak frå og med 4. januarViser til statsministerens pressekonferanse i dag sundag 3. januar. Dette er tiltaka og anbefalinga regjeringa innfører, gjeldande frå 4. januar til 18. januar: Ikkje ha besøk heime. Vent 14 dagar før du har besøk eller besøker andre. Dette gjeld ikkje dei som har nære i livets siste fase. Barn kan også ha besøk av barn frå same kohort i barnehage og skule. Pålegg som kjem, og ein kan risikere bot om ein bryt desse reglane: Forbode å skjenke alkohol, men serveringsstader kan halde ope. Maksimalt fem personar på private arrangement utanfor eige heim, som til dømes ein bursdag i lokale som er leigd. Det kan maksimalt vere ti personar på offentlege arrangement innandørs. Men inntil 200 personar om alle sit i fastmonterte sete. I gravferder kan det vere inntil 50 personar, sjølv om setene ikkje er fastmonterte. Nasjonale råd og anbefalingar: All undervising og planlagde arrangement på universitet, høgskular og fagskular vert gjort digitale fram til 18. januar. Alle landets videregåande skular og ungdomsskular skal gå over til raudt nivå. I Vestre Slidre kommune skal alle trinn møte på skulen. Beskjed om særskilte tiltak vert formidla direkte til elev/føresett. Unngå reiser som ikkje er naudsynte i inn- og utland. Men du kan dra på hytta med folk du bur saman med. Alle som kan ha heimekontor, bør ha dette. Kjøpesenter og butikkar bør ha adgangskontroll og avgrensingar på kor mange personar som kan kome inn i lokalet. Dette er for at det skal vere mogleg å halde avstand. Alle organiserte fritidsaktivitetar, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livssynsarrangement innandørs vert utsette til etter 18. januar. Dette gjeld også arrangement som gjeld barn på tvers av kohortar, men ikkje gravferder. Utandørsaktivtetar kan gjennomførast om det er mogleg å halde minst ein meter til andre. Vestre Slidre kommune: Kommunen oppfordrar til bruk av munnbind i butikkar og på alle offentlege stader der det ikkje er mogleg å halde minimum ein meter avstand Treningsrommet, symjehall og kulturhus vert stengt fram til 18 januar Sist endra04.01.2021 22.13