Nytt lagerbygg for uteseksjonen ferdigstilt

Nytt lagerbygg/garasje for uteseksjonen er no ferdigstilt. Bygget ligg mellom Slidrevegen og gangvegen ned mot E16 og Slidrefjorden, sør for tidlegare Slidre renseanlegg.
 

Grunnflata er på 200 m2, med ein messaninetasje på 70 m2, dvs. total golvflate er på 270 m2. Bygget skal nyttast til garasje for div. bilar, m.a. til kulturbussen. Vidare blir det lager for forskjellig traktorreiskap, småutstyr, bilhengarar osv. Me ser fram til å ta i bruk det nye bygget!

Klikk for stort bilete