Område H30 i arealdelen til kommuneplanen
Kommunestyret tok stilling til prosessen rundt område H30 i arealdelen i møte den 5. mai. H30 er eit område for fritidsbustader ved Krokåne ved Sørre Syndin.
Vedtaket vart:
"Kommunestyret finn at vedtaket om H30 var tilstrekkeleg opplyst då kommunestyret vedtok arealdelen til kommuneplanen. Denne saka har ikkje tilført saka nye argument.
Kommunestyret realitetsbehandlar difor ikkje område H30 i arealdelen på nytt."
Saka i kommunestyret er å finne her. Alle journalførte dokument i saka er å finne her.
Ein kommuneplan er å sjå på som forskrift etter reglane i forvaltningslova. Det er difor ikkje høve til å klage på vedtaket.
Sist endra 09.05.2022 13.33