Områderegulering for Vaset sentrum. Varsel om oppstart

Vi varslar med dette oppstart av reguleringsplanarbeid for Vaset sentrum. Forslag til planprogram for planarbeidet er også lagt ut til offentleg ettersyn. Merknadsfristen er 30. november 2020.

Planarbeidet omfattar eit areal på ca 500 daa rundt krysset mellom Panoramavegen og Knippesetvegen, sjå kart her (PDF, 388 kB).

Forslaget til planprogram inneheld måla med planarbeidet (kap. 2), oversiktskart (kap. 3), tilhøve til gjeldande planar (kap. 4), ei grunngiving av planavgrensinga (kap. 5), utgreiingsbehov og medverknad (kap. 6) og ein framdriftsplan i kap. 7.

Planprosessen er:

  1. Varsel om oppstart og planprogram til offentleg ettersyn (dette brevet)
  2. Utarbeiding av planforslag med føresegner, evt. med revidert områdeavgrensing etter innspel ved varsel om oppstart. ROS – analyse blir utarbeidd, eventuelt også konsekvensutgreiing dersom merknadane til planprogrammet tilseier det.
  3. Utlegging av planforslag til offentleg ettersyn
    1. Evt. ny utlegging av revidert planforslag
  4. Vedtak og klageadgang

 

Opne møte

Det vil bli halde opne møte no i samband med varsel om oppstart og ved offentlege ettersyn. Datoar er ikkje avklart, men møtene blir kunngjort på heimesida og i lokalavisa.

 

Saksdokument

  • Saka der formannskapet vedtok å varsle oppstart med vedlegg er å finne her.
  • Alle journalførte dokument i saka er å finne her.
  • Digitalt kart kan ein finne ved hjelp av denne instruksjonen.

 

Innspel og merknader

I denne fasen er det planområdeavgrensinga og måla med planarbeidet som er det sentrale og som det er mest relevant å gi innspel om.

Innspel og merknader ved oppstart og til planprogrammet skal vere skriftlege og skal sendast som e-post til post@vestre-slidre.kommune.no eller som brev til Vestre Slidre kommune, Slidrevegen 16, 2966 Slidre. Fristen er 30. november 2020.

 

Ta gjerne kontakt med arealplanleggar ved spørsmål, tlf: 6134 5079, e-post: knut.frode.framstad@vestre-slidre.kommune.no.