Omvendt julekalender

I Røn naturbarnehage har barna hatt gleda av å gi bort og pakke inn ei gåve kvar dag som barna no har gitt til besøksrommet i Kriminalomsorgen i Slidreøya. 

Barna har snakka om at det er fint å kunne dele, og gir derfor frå seg noko dei tenkjer andre barn har glede av når dei kjem på besøk til sine fedre der, med ønske og god jul frå oss i barnehagen.

 Klikk for stort bileteLeiar Lene Hansen takkar for gåvene.