Oppmoding til deg som er pårørande til heimetenestemottakarar

Heimesjukepleia jobbar aktivt med å førebygge smittespreiing. Det kan bety endringar av tenestene for pasientar i tida framover.    

Vi har fått spørsmål om ein kan reservere seg mot å få heimeteneste/heimehjelp ei kort periode, for så å starte oppatt seinare. Dette kan gjelde alle tenester eller deler av tenesta. Det er mogleg. Vi oppfordrar dykk til å ta kontakt med Tildelingskontoret på telefon: 94 86 61 23 dersom du ynskjer å ha mindre eller ingen tenester ei periode.

Vi ynskjer forståing frå dykk som pasientar og pårørande kring dette. Dersom du som pårørande har moglegheit til å ta større del av desse oppgåvene, er det og fint om du tek kontakt med tildelingskontoret via sms eller telefon 948 66 123. Det er og mogleg å sende informasjon sikkert via:  https://svarut.ks.no/edialog/mottaker/961382157

 

Klikk her (PDF, 360 kB) for fleire detaljar, denne informasjonen vil og bli sendt direkte til heimetenestemottakarane.

Me må stå saman i denne utfordrande tida så godt me kan, og då er me særs takksame for å oppleve den gode dugnadsanden som rår hjå alle i kommunen.

Tusen takk til alle som bidreg!!