Oppstart av planarbeid for Stubbeset bustadfelt

Det varslas oppstart med revisjon av reguleringsplan for Stubbeset. Formålet med planarbeidet er å utvide det eksisterande bustadfeltet som ligg i reguleringsplan for Stubbeset (planID: 0543R082).

Den gamle planen for Stubbeset vil gjelde utanfor den nye avgrensinga , medan planomriss vist i kart vil bli ein ny reguleringsplan (plan ID: 0543R131). For ordens skyld vil også deler av reguleringsplan for Gangveg/adkomstveg Stubbeset (plan ID: 0543R042) inkluderast i den nye reguleringsplanen, denne delen vil ikkje få nokon endring, anna enn at det vil innlemmast i ein ny reguleringsplan og at plankartet blir oppdatert til gjeldande standard.

Det er tiltenkt sju nye heilårs bustadtomtar innan planområdet. Dette er i samsvar med kommunedelplanen for Vaset, der det er avsett areal til framtidig bustadfelt. Det vil derfor ikkje være nødvendig med konsekvensutreiing her. Kommunen er sjølv forslagstiller for reguleringsplanen.

Om det er eventuell merknader angåande plan og føresegn er det ønskeleg frå kommunen si side å få tilsendt skriftlig no i oppstartsfasen, slik at dei kan inkluderast tidligst mulig i høyringsprosessen.

Vestre Slidre kommune, LNT, Slidrevegen 16, 2966 Slidre, innen 04.10.2018.