Oppstart namnesak i Vestre Slidre kommune – lokal høyring

I samband med adressering i Vestre Slidre kommune har Språkrådet teke opp namnesak for stadnamna Geiteskallin/Geitskallin, Lomtjernet/Lomtjednet, Svartkoll(en)/Svartkøll(en), Ødestøladn/Ødisstøl og Sonjavarden. 

Kartverket nyttar samstundes høvet til å reise namnesak for fleire namn som har skrivemåtestatusen «Føreslege» i Sentralt stadnamnregister (SSR). Saka vert teke opp for å få avklartog formaslisert rett skrivemåte for offentleg bruk. Namnenemda i Vestre Slidre kommune nyttar og høvet til å leggje ut på høyring føreslege vegnamn på ein veg på Pålset- Langenesvegen/ Langnesvegen. Kart kan sjaåst på heimesida til kommunen.

Før Kartverket gjer vedtak på dei namna det er reist namnesak for, har kommunen rett til å uttale seg. Eigarar og festarar har rett til å uttale seg om gardsnamn og bruksnamn, og lokale organisasjonar har rett til å uttale seg om skrivemåten av namn som dei har særleg tilknyttning til.  

Skrivemåten av primærnamnet vil normalt vere retningsgjevande for skrivemåten av namnet i andre funksjonar. Kommunen bed om ditt syn på kva som er rettig skrivemåte for aktuelle primærnamn.

Eventuelle innspel og kommentarar kan sendast skriftleg til Vestre Slidre kommune, Slidrevegen 16, 2966 Slidre eller på e-post: post@vestre-slidre.kommune.no innan 15. februar 2024.