Ordføraren sitt hjørne

Denne veka er ordførarjobben mest ein «utanriksminister» for kommunen. Måndag var det møte med statssekretærar frå 2 departement, om Natur- og kulturparkar i Norge. Det er 900 slike samhandlingsparkar i Europa og regjeringane anerkjenner dei som gode lokale løysingar, men Norge har ikkje enno gjort det grepet. Eg har tru på at dagens regjering endrar det.

Onsdag er det regionstyremøte i Valdres og der får vi mellom anna ein dialog med fylkesordførar om vidareføring av partnarskapet mellom Valdres Natur-og kulturpark og Innlandet.

Torsdag skal eg innleie om distriktspolitikk sett frå ein ordførar i Venstre sitt distriktsutval. Fredag møter Venstre-ordførerane stortingsgruppa til Venstre.

Neste veke starter roligere. Torsdag har vi kommunestyre.

Eivind, 28.8.18.