Orientering om utviding av barnehageplassar

Barnehagane i Vestre Slidre er så heldige å ha nok barnehageplassar til å dekke behovet  frå hausten 2024. 

Kommunen har jobba med å finne ei midlertidig løysing for å sikre nok barnehageplassar dei kommande åra. Eit slikt tilbod er no utreia og bestemt.  

Barnehagane blir utvida med to heile avdelingar; 36 plassar, f.o.m. nytt barnehageår 2024-2025.  Dette kjem i tillegg til den auka som vart gjort i Røn naturbarnehage ved nyttår 2023-2024.  

Dei nye avdelingane blir knytt til det som i dag er Slidre kulturbarnehage (bygg A).  Avdelingane blir i nye modular i Viovegen 8, og har fått namnet Slidre kulturbarnehage bygg B.

Vi er no i gang med tilsettingar og gler oss over at mange ynskjer å vera med på laget å jobbe hos oss!  Styrarar og tillitsvalde har gjennomført intervju og jobbtilbod blir sendt ut i desse dagar. Det kjem meir orientering om tilsetting i barnehagane når det er relevant å gi ut informasjon om det.

Alle som har søkt om barnehageplass har fått tilbod, jf.  kommunens barnehagevedtekter.

 

Stine Mari S. Nordaas, Kommunalsjef helse og oppvekst
Kristin Bråten Tvenge, Styrar Slidre kulturbarnehage
Gunn Britt L. Haugrud, Styrar Røn naturbarnehage