Påska 2021- Påskefeiring med kos, avgrensing og ansvar

Vår - Klikk for stort biletePåska står framfor oss, og med den føljer forventningane om rekreasjon og påfyll av sosial energi. Påskefeiringa er ein del av den norske tradisjonen, og er ei tid for avslapping, aktiviteter og gode samtaler.

Korona er dessverre også med oss denne påska, og vi må tenkje smittevern og vise omsyn. Sjølv om vi ikkje har hytteforbod denne påska, er det viktig å hugse at vi har ei påskefeiring med utvida ansvar. Og eg har vel alle med meg i håpet om at korona-situasjonen snarleg må få ein ende. Det som er viktig å minne oss sjølve på, er at vi framleis har mykje å glede oss over, også denne påska. Vi kan fortsatt nyte sol, appelsinar, solo, påskeegg, solkrem, skiturar, peiskos og mykje meir med god samvit. Likevel må vi tenkje på situasjonar som framleis har sterke avgrensingar med retningslinjer, som samling av storfamilie og venner, besøk på kjøpesenter og butikkar, serveringsplassar, arrangement og situasjonar som kan overføre eventuell smitte.

Årets fjellvettregel nr 11:

  • Hald deg på heimstaden din ved sjukdomssymptom eller om du er i karantene.
  • Hald deg saman og reis saman med eigen husstand.
  • Bruk dei avgrensingane du er pålagd frå heimstaden din. Dette gjeld også når du er på hytta.
  • Handel må sterkt avgrensast, planleggast og eventuelt utførast av ein person i husstanden. Bruk bestill/hent/lever–funksjon der det er tilgjengeleg. Bruk munnbind på butikkar i Vestre Slidre denne påska. Sjå forskrift.
  • Ved opphald på serveringsstad må du denne påska bruke munnbind når du ikkje sit ved bordet. Sjå forskrift. Dersom det er mogleg kan du bestille mat på serveringsstaden og ta den med til hytta eller utandørs.
  • Hald avstand både ute og inne. Bruk munnbind dersom du er i situasjon der du ikkje kan halde avstand på 2 meter, som regjeringa no anbefaler. Vestre Slidre kommune har innført eiga forskrift denne påska for å førebygge koronasmitte. Gjeldande frå 26. mars til og med 7. april https://lovdata.no/dokument/LF/forskrift/2021-03-19-773
  • Hald deg oppdatert på råd om smittevern og retningslinjer frå regjering og kommune. Oppdatering finn du på kommunens heimeside: www.vestre-slidre.kommune.no. Sjekk sida slik du sjekkar vær og føre før skituren.

 

Til sist ynskjer eg dykk alle ei strålande påske!

Haldor Ødegård

Ordførar