Prestgardshavnin bustadområde til offentleg ettersyn

Reguleringsplan for Prestgardshavnin bustadområde er med dette lagt ut til offentleg ettersyn. Merknadsfristen er 10. juli 2023.

Målet med planen er å legge til rette for eit bustadområde nær Slidre sentrum som skal dekke etterspurnaden etter bustader i lang tid. Planen skal stimulere til eit mangfald av butilbod. Planen skal ha ein grøn og klimavenleg profil og legge til rette for gode bumiljø, samstundes som den ikkje skal påleggje tiltak som er fordyrande på lang sikt.

Planskildringa (PDF, 4 MB) er saksdokumentet som skildrar planområdet og forklarar og vurderer grepa i planen. Der er også referat av innkomne merknader ved varsel om oppstart og vurderingar av konfliktene i planområdet.

Til grunn for planarbeidet er det laga eit skisseprosjekt. Den førebelse versjonen er å finne her. Ferdig versjon vil bli ferdigstilt tysdag 30. mai og blir lagt ut her då. Merk at dette er ei skisse, eit døme på noko som planen legg til rette for.

Plankartet (PDF, 531 kB) og føresegnene (PDF, 133 kB) er dei foreslåtte juridisk bindande dokumenta i planen. Plankartet har mange soner og ulik type tekst som gjer det litt vanskeleg å lese og forstå. Dette plankartet (PDF, 330 kB) er ikkje komplett, men er lettare lesbart. Digitalt plankart finn du her, evt.  via denne instruksjonen dersom lenka ikkje fungerer.

Formannskapssaka der planen vart vedteke lagt ut til offentleg ettersyn, finn du her.  Alle journalførte dokument i saka finn du i arkivsaka.

Uttaler

Uttaler til planforslaget skal vere skriftlege og kan sendast via plandialog i valdreskart, som e-post til post@vestre-slidre.kommune.no eller som brev til Vestre Slidre kommune, Slidrevegen 16, 2966 Slidre. Fristen er 10. juli 2023.

Vi oppmodar spesielt dykk som er aktuelle kjøparar eller utbyggarar i området til å sjå på plankartet og føresegnene med eit kritisk blikk. Vi ynskjer ein grøn og klimavenleg profil i området samstundes som vi veit at vi ikkje har rom til å påleggje tiltak som blir fordyrande for dykk som skal bygge og bu i området. Den store andelen grøne område og føresegnene i pkt. 2.1.4 Klimakrav, er såleis grep vi er spente på tilbakemeldingane på.

Ta gjerne ein telefon eller kom innom kommunehuset for ein prat om planen. Vi gir også gjerne råd om korleis ei skriftleg uttale til planen bør utformast.