Psykisk helseteneste i nye lokalar!

Psykisk helseteneste har no flytta til nye lokalar i bankbygget i Slidre sentrum. Her skal vi samlokaliserast med helsestasjon og den nye kommunepsykologen som byrjar 1. november.

Psykisk helseteneste er eit lågterskeltilbod som skal vera lett tilgjengeleg for innbyggjarane i Vestre Slidre kommune, og ein treng ingen henvisning frå lege for å ta kontakt. Tenesta er gratis. Tenesta skal ha eit styrka fokus på førebyggjande og opplysande arbeid i kommuna. Tenesta driv og dagsentertilbod i Plassen.

psykhelse021018 - Klikk for stort bilete Dei tilsette i psykisk helseteneste, fra venstre: Psykiatrisk sjukepleiar Bente Margot Nøbben, avdelingsleiar/psykiatrisk sjukepleiar Sissel Engen Andersen, psykiatrisk hjelpepleiar Bente Karin Qualben og psykiatrisk sjukepleiar Therese Nøbben Trandokken.

Bente Margot Nøbben byrja i tenesta 11.september. Ho har lang erfaring innan psykisk helseteneste.