Redningsøving i Ryfoss torsdag 16.juni kl. 18.00

Høre/Vestre Slidre Røde Kors arrangerer øving i Ryfoss torsdag 16.juni kl 1800. Øvinga går på søk etter og redning av personar som har kantra med båt i Ryfoss. Øvinga er organisert av Røde Kors og politiet med fleire andre aktørar som deltakarar. Ambulansetenesta, Norsk luftambulanse, Norske redningshundar, Valdres brann og redning og Vestre Slidre kommune er inviterte deltakarar. Øvinga vil pågå i 2-3 timar.