Reguleringsplan for Tildheim. Kunngjering av vedtak

Reguleringsplan for Tildheim vart vedteken den 20. mai. Klagefristen er den 22. juni.

Planområdet ligg ved Vaset og omfattar dei eldre planane Tildheim hyttegrend, vedteke 02.06.2000 og Båtånteigen hyttegrend, vedteke 30.06.2004.

Planendringa vart initiert for å få frigitt eit kulturminne. Etter kvart nytta ein også høvet til å revidere gamle planføresegner, oppdatere plankartet til gjeldande standard og situasjon og slå saman planer.

Den juridisk bindande planen

Den vedtekne planen med juridisk verknad består av plankartet (PDF, 543 kB) og bestemmelsane (PDF, 922 kB). Digitalt plankart og plandialog finn du ved hjelp av denne instruksjonen.

Prosessdokument

Saka i kommunestyret med vedlegg finn du her.

Arkivsaka med alle journalførte dokument finn du her.

Klage og innløysing

Planvedtaket kan, etter plan- og bygningslova §1-9 og forvaltningslova kap VI, påklagast. Klager må vere skriftlege og kan sendast på eit av følgjande alternativ:

  1. Via plandialog (sjå denne instruksjonen)
  2. post@vestre-slidre.kommune.no
  3. Vestre Slidre kommune, Slidrevegen 16, 2966 Slidre

Klagefristen er 22. juni 2020.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må setjast fram skriftleg til Vestre Slidre kommune innan 3 år frå denne kunngjeringa, jfr plan- og bygningslova kap 15.