Rekordlågt sjukefråvær for Vestre Slidre kommune i 2018!

Vestre Slidre kommune hadde frå 2014 til 2016 eit sjukefråvær på om lag 7,5 %. I 2017 nådde sjukefråværet 9,3 %, og det er flott å kunne sjå ei markant nedgang i fråværet til 2018 som enda med eit sjukefråvær på 6,1 %.

Vi trur at eit høgt nærvær bidreg til enda betre tenester til innbyggjarane og andre som har behov for kommunens tenester. Det har vore viktig å setje fokus på temaet båe med tanke på tenestetilbodet og tilsettes trivsel på arbeidsplassen. Hausten 2018 starta vi med det vi har kalla for «nærværsprosjektet». Dette er eit prosjekt vi har gjort i samarbeid med vår IA-rådgjevar ved NAV Arbeidslivssenter, Christina Kvisgaard. Tilsette har fått ulike bolkar med forelesning, oppgåver og diskusjonar i grupper.

Ei slik markant nedgang i sjukefråværet er og god samfunnsøkonomi. NAV legg til grunn at eit gjennomsnittleg dagsverk kostar samfunnet kr 2500. I 2018 hadde Vestre Slidre kommune 1704 færre fråværsdagar enn i 2017. Det vil si at sjukefråværskostnadane er redusert med over fire millionar kroner.

Vi håper at «nærværsprosjektet» bidrar til eit stabilt lågt fråvær i Vestre Slidre kommune framover, og dermed eit godt tenestetilbod og trivsel blant dei tilsette.

Christina og Elisabeth frå NAV Arbeidslivssenter Innlandet - Klikk for stort bileteChristina og Elisabeth frå NAV Arbeidslivssenter Innlandet Tilsette drøftar oppgåver i grupper på samling 29.01.19 med tema "Tidleg og målretta sjukefråværsarbeid" - Klikk for stort bileteTilsette drøftar oppgåver i grupper på samling 29.01.19 med tema "Tidleg og målretta sjukefråværsarbeid"