Rekordstor aktivitet i skogen i Vestre Slidre i 2018

Hogsten i Vestre Slidre har vore jevnt over bra dei siste åra. Med aukande prisar på tømmer siste året, har det ført til at ekstra mange vil hogge!

I 2018 vart det levert og  målt inn 27 708 m3 med tømmer i kommunen. Dette er ca 10 000 m3 meir enn i  2017. Dette er den høgaste hogsten som nokon gong er  registrert i Vestre Slidre. Figuren viser levert salgsvirke frå 1942 fram til i dag.

Klikk for stort bilete