Forslaget til skiløypeplan er dette kartet (PDF, 20 MB).
Planen viser noverande løyper, noverande løypestrekk som bør/må erstattast eller utgå, foreslåtte nye løyper og moglege/alternative nye løyper. Planforslaget omfattar berre det maskinpreparerte skiløypenettet i hytteområda frå Vaset til Syndin.
Når kommunen skal drive forvaltning i form av å behandle reguleringsplanar og byggesaker har vi ved fleire høve sett at det ville vere nyttig å ha ein overordna plan for skiløypenettet. Nytten vil vere størst der det er press på arealbruken, difor har vi avgrensa oss til hytteområda.
Vi tenker at planen skal legge til rette for:
- God samanheng i skiløypenettet og gode samanbindingsløyper mellom ulike område
- Lett tilgang til skiløypenettet for flest mogleg. Ma. for å redusere bilbruk
- Gode løyper i variert terreng med minimum av vegkryssingar og teknisk vanskelege parti
- Løyper med minimum av terrenginngrep og konflikter
- Løyper som tek omsyn til logistikken med løypekøyringa og lokalklimatiske høve
Ut frå ressurbruken knytt til etablering og drift av skiløyper er ikkje mest mogleg antal kilometer skiløyper noko mål.
Skiløypeplanen skal ikkje bli ein juridisk bindande plan etter plan- og bygningslova. Planen skal vere ein temaplan som skal leggast til grunn ved behandling av nye reguleringsplanar og reguleringsendringar, ved prioritering av utbyggingsavtalemidlar og dersom det er prat om økonomisk stønad. Planen kan også vere nyttig for andre aktørar enn kommunen, td. for skiløypelaga.
Prosessen hittil er at vi har gjennomført synfaringar med representantar for løypelaga. Og vi har sendt brev til alle grunneigarar der det er aktuelt med større omleggingar. Vi har ikkje registrert motforestillingar på forslaga til omleggingar, bortsett på eit strekk mellom Øyestølen og Haraldset. Saka med alle journalførte dokument er å finne her.
Skiløypeplanen er ein overordna plan. I denne prosessen vil det ikkje vere rasjonelt å avklare alle detaljar og ta stilling til alt som måtte vere kontroversielt. I nokre høve vil det vere føremålstenleg å følgje opp med å utarbeide reguleringsplanar og ta endeleg stilling til slike ting der. Ein reguleringsplan blir juridisk bindande, har strengare krav til detaljeringsnivå og reguleringsplanprosessen har strengare krav til medverknad.
Uttaler til skiløypeplanforslaget skal vere skriftlege og kan sendast som e-post til post@vestre-slidre.kommune.no eller som brev til Vestre Slidre kommune, Slidrevegen 16, 2966 Slidre. Fristen er 17. oktober 2023.
Ta gjerne kontakt med saksbehandlar på e-post knut.frode.framstad@vestre-slidre.kommune.no eller telefon 468 86 072 dersom du har spørsmål eller innspel som du ynskjer å drøfte.