Skulestart ved Vestre Slidre skule

Måndag 19. august var det nye skuleåret i gang. Dagen starta med ei samling i gymsalen der vi hadde presentasjon av dei tilsette og namnopprop av alle elevane. 

Rektor minna om skulen sin visjon: "Ein skule for alle med blikk for den enkelte" som betyr at skulen vår skal passe for alle elevane våre sjølv om alle er ulike, og at vi som jobbar på skulen skal gjera så godt vi kan for at alle skal utvikle seg fagleg og sosialt. For å lære er trivsel, vennskap og samarbeid viktig- og dette må tilsette, elevar og føresette støtte opp om.

Klikk for stort bilete