Slidre barnehage laga 17. mai-stemning

Slidre barnehage, avdeling Spretten, var denne veka på besøk utanfor sjukeheimen og Bergtun for å laga litt 17.mai-stemning for bebuarane der.

Barna kunne by på både sang og underhaldning, og hadde også laga 17.maipynt som dei hadde med seg for å pynte med ute. I ei tid der vi ikkje får sett kvarandre like mykje som vanleg vart dette eit ekstra gledeleg gjensyn både for små og store!