Søk om tilskot - nasjonal tilskotsordning for inkludering av barn i låginntektsfamiliar

Bufdir har lyst ut tilskotsmidlar til inkludering av barn og unge frå familiar råka av fattigdomsproblematikk.

Målet med tilskotsordninga er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og unge, og bidra til eit meir inkluderande fritidsmiljø. Tilskotsordninga skal vera eit verkemiddel for å betre moglegheitene for at fleire barn og unge skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar uavhengig av foreldra si inntekt og sosiale situasjon. Det skal ikkje stillast krav om kunnskap, politisk ståstad eller religiøs bakgrunn for å delta. Tilbodet skal så langt som råd ha låge eller ingen kostnader.

Det kan søkjast om tilskot til tiltak som:
a) bidreg til at barn og ungdom berørt av fattigdomsproblematikk og deira familiar kan delta i kultur-og fritidsaktivitetar
b) bidreg til at barn og ungdom berørt av fattigdomsproblematikk og deira familiar kan delta i ferieaktivitetar
c) bidreg til deltaking for barn og ungdom berørt av fattigdomsproblematikk på alternative meistringsarenaer
 

  • Kven kan søke: Offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar
  • Innkomne søknadar vurderast og prioriterast av kommunen
  • Søknadsfrist for tilskotsåret 2019 er 10. desember 2018
  • Alle søkjarar må nytte bufdirs søknadsskjema som vil bli lagt ut seinast 16.november. Lenke til søknadsskjema, rundskriv  og rettleiar finn du her:  https://www.bufdir.no/Tilskudd/Soke_om_tilskudd/Barn_og_ungdom/lavinntekt/

Har du spørsmål rundt tilskotsordninga eller søknadsprosessen kan du ta kontakt med koordinator Monica K. Sæternes, tlf. 61 34 50 94