Søke om kulturmidlar

Kommunen delar ut ein del midlar til kulturformål kvart år.

Søknadsfristen er 20. mars.

Søknadsskjema finn du her.

Retningsliner
Kommunestyret har vedteke desse retningslinene for kva kulturmidlane skal stø:


- Lag og organisasjonar innanfor eigen kommune
- Aktivitetar for barn og unge
- Integrerande, miljøskapande, rusfri og haldningsskapande verksemd
- Ungdom som vil vidareutvikle seg innafor  eige område
- Utoverretta aktivitet til glede for bygda og fellesskapet


Det er i same sak presisert at ein i hovudsak ynskjer å støtte aktivitetar til barn og unge innan eigen kommune.

Dei som får støtte må stille med bøssebærarar under NRK sin TV-aksjonen på hausten same år. Innsamlinga blir organisert av Vestre Slidre frivilligsentral.