Spreke 90-åringar i Slidre

Gode vener, lettvin bustad og god helse betyr mykje for Signe Finneberg og venninna hennar, båe på 92 år. Dei synast dei har det veldig bra i Slidre, med kjekke folk rundt seg.
«Eg lyt ut å gå, nesten til kvar dag», seier venninna. Dei er båe opptatt av å halde seg i rørsle. Kvar torsdag er dei med på balansetrening i Kroken. Dei er gjerne i Plassen, særleg når det er tilstellingar.

Signe går ofte i Plassen for ein prat og ein kopp kaffi. Ho, Marit (89) og Rønnaug (87) er alle einige om at Plassen er ein fin møtestad for dei eldre.

 

Frå venstre: Rønnaug Trøen, Signe Finneberg og Marit Trøen Tvenge har det triveleg saman i Plassen. - Klikk for stort bileteFrå venstre: Rønnaug Trøen, Signe Finneberg og Marit Trøen Tvenge har det triveleg saman i Plassen.