Status Covid-19 Vestre Slidre kommune 21.04.21

Det er i dag bekrefta to nye tilfeller av covid-19 i Vestre Slidre kommune. Smittevegen er kjent og personane er sett i isolasjon.

Det er kobling til det pågåande utbrotet. Nærkontakter er testa i dag og nokre fleire er sett i ventekarantene. Vi har også testa 23 russ i forbindelse med at heile russekullet vart sett i ventekarantene i går.

Vi har fått svar på testar frå skulen, dette fører til at 4.-7. klasse også kan koma tilbake til skulen frå måndag 26. april. Det blir framleis heimeundervisning for 8.-10. klasse, ut veke 17. Skulen er på raudt nivå, og det vil bli gjort ny vurdering i slutten av veke 17.

Kommunen oppfordrar alle til å hjelpe til no:

  • Halde avstand.
  • Ha færrast moglege kontakter på ei veke.
  • Hugse på at det er påbod om munnbind om ein til dømes sit på med andre enn husstanden i bil.

Sjå meir info på samlesida for korona.