Status covid-19 Vestre Slidre kommune 24.05.21

Det er i dag avdekka fleire nærkontaktar som har tilknytning til ulike klassetrinn ved Vestre Slidre skule og Slidre barnehage. 

Vestre Slidre skule:

Samtlige elevar og alle tilsette må i ventekarantene til vi får svar på prøvane sidan situasjonen er uoversiktleg. Vi vonar det blir med denne dagen, og avventar testing i større skala til vi ser om nokon av nærkontaktane er positive for covid-19. Nærare beskjed angåande onsdag 26.05.21 kjem i morgon kveld.  

Slidre Barnehage:

Det er i dag påvist fleire nærkontaktar knytta til Slidre barnehage. Sidan desse er på ulike avdelingar og avdelingane samarbeidar, blir heile barnehagen med born og tilsette sett i ventekarantene til vi får svar på prøvene. Nærare beskjed kjem så fort vi veit meir.