Status covid-19 Vestre Slidre kommune 25.05.21

Det er ikkje bekrefta nokon nye smitta så langt i dag, men vi ventar fortsatt på fleire prøvesvar. 

Vestre Slidre skule:

Med bakgrunn i smittesporing og prøveresultat har mange vorte løyst frå ventekarantene og vi kan gjennomføre onsdag 26.05 på følgjande måte:

  • 7. – 10. klasse er framleis i ventekarantene, og får heimeundervisning.
  • 5. og 6. klasse får heimeundervisning, grunna mange tilsette i ventekarantene.
  • 3. og 4. klasse får undervisning på raudt nivå på skulen.
  • 1. og 2. klasse har fri.
  • SFO vil vere ope.

Ny informasjon kjem onsdag ettermiddag/kveld.

Slidre barnehage:

Grunna ein framleis noko uavklart smittesituasjon er alle tilsette og born i Slidre barnehage i ventekarantene også i morgon, onsdag 26.05.

Ny informasjon kjem onsdag ettermiddag/kveld.