Status covid-19 Vestre Slidre kommune 26.05.21

Det er i dag bekrefta eit nytt tilfelle av covid-19 på ein person med folkeregistrert adresse i Vestre Slidre kommune. Personen er busett i ei anna kommune og blir fulgt opp der.

Alle prøveresultat knytta til Vestre Slidre skule og Slidre barnehage er negative. Det betyr at alle er ute av ventekarantene og kan kome tilbake til skule og barnehage frå og med i morgon 27.05.