Status covid-19 Vestre Slidre kommune 28.04.21

Smittesituasjonen har stabilisert seg, og vi ser det ikkje som naudsynt å forlenge den midlertidige forskrifta som går ut sundag 2. mai. 

Råd og anbefalingar frå 3. mai:

For å hindre ytterlegare spreiing av smitte, kjem kommunen med ei sterk oppfordring om at alle følger desse anbefalingane i veke 18 og 19:

  • Bli heime hvis du får sjølv milde teikn på sjukdom, ring Slidre legesenter tlf. 61344790, for test før du går på jobb eller skule.
  • Begrens sosial kontakt og treff færrast mogleg. 
  • Maks to gjester på besøk.
  • Hald avstand til andre enn din eigen husstand.
  • Utsett eller avlys sosiale samlingar og arrangement for voksne og barn.
  • Samling av folk på tvers av kommuner er ikkje tilrådelig.
  • Bruk munnbind på butikker og kjøpesenter, i taxi og på offentlig kommunikasjon, samt ved legebesøk og besøk hos eldre og sårbare.
  • Innendørs arrangement tilrår vi ikkje. Dette gjeld ikkje kyrker og bibliotek.

Hvis du er ute:

  • Hald helst 2 meter avstand til andre.
  • Vær med din eigen kohort. 
  • Organisert fritidsaktivitet på tvers av kommunegrensene tilrår vi ikkje. 

Kulturhuset inkludert trimrommet, ungdomsklubben og Plassen aktivitetssenter vil halde stengt for aktivitetar til og med veke 19. Alle fysiske arrangement i kommunal regi vert utsett eller avlyst.

Barnehagane er tilbake på gult nivå. Det same gjeld 1.-3. klasse på skulen. 4.-10. klasse er på raudt nivå i veke 18.  

Vi ber alle hjelpe til for å hindre nye smittetilfeller framover.