Status koronavaksine Vestre Slidre kommune

Vaksinasjon er godt i gang i Vestre Slidre kommune. Du finn oppdaterte tal over talet på vaksinerte her.

Prioritering skjer etter nasjonale retningslinjer.

 Klikk for stort bilete

Alle over 65 år som er folkeregistrert i Vestre Slidre skal ha blitt kontakta med spørsmål om dei ønskjer å bli vaksinerte eller ikkje. Dersom nokon over 65 år ikkje er blitt kontakta, ber vi om at dei ringer Slidre legesenter på telefon 61 34 47 90.

Alle som har sagt ja til vaksine vil bli kontakta for time når vaksinen er tilgjengeleg for kommunen.

No i starten på april held vi på med vaksinering av personar i midten av 70-åra samt risikogrupper. 

Alle som er folkeregistrerte innbyggjarar vil bli kontakta for vaksinering, uavhengig av om dei har fastlege i kommunen. Du vil motta ein SMS når det blir din tur, dersom du er under 65 år. Der vi du bli bedt om å ringe Slidre legesenter for timeavtale om du ønsker å ta vaksinen.

Om nokon kjenner til at personer vil ha problemer med dette, ring oss og meld frå. Vi reknar med å starte på dei under 65 år frå ca. veke 16.

Folk som oppheld seg i kommunen over lengre tid, men ikkje er folkeregistrert her, blir bedne om å ta kontakt. Ring då Slidre legesenter, tlf. 61 34 47 90 (mellom kl 0830 og 1500) for å gje beskjed om du ønskjer vaksine eller ikkje. Merk at kommunen ikkje har ansvar for å vaksinere turistar eller dei som har fritidsbustad; desse må få tilbod om vaksine i eigen kommune.

Om du skulle ombestemme deg, kan også ringe Slidre legesenter 61 34 47 90 for å avbestille. 

Målet frå nasjonale styresmakter er å oppnå ein høg vaksinasjonsgrad, så vi vonar du vil ta vaksinen.

Om du ønskjer meir informasjon om vaksinen, viser vi til Folkehelseinstituttets nettsider.