Status vaksinering covid-19

Vestre Slidre vaksinerer no gruppe 8, dvs. alder 55-64 år utan underliggande sjukdommar, vi vaksinerer då kronologisk etter alder. Pr no 60-62 åringane. Du blir kontakta når det er din tur.
Vi set fortløpande alle vaksinar vi får. 

Vi ber deg ta kontakt med Slidre legesenter viss du ikkje har fått tilbod om vaksine og er over 65 år. 
Vi ynskjer òg at du tek kontakt med Slidre Legesenter viss du ikkje har fått tilbod om vaksine og er 18-65 år med underliggande sjukdommar.

Deretter følgjer gruppa 45-54 år, så 18-24 år saman med 40-44 år. Det er viktig at alle planlegg for å kunne møte til vaksinasjon òg gjennom sommarvekene. Vi ventar fleire dosar i juli og august kvar veke enn vi får no. Innkalling vil i hovudsak skje via sms. Onsdagar er hoveddag for vaksinasjon.

Det er særs viktig at alle forstår at dei må nytte tilbodet når dei får det, dette for å redusere arbeidsmengda med logistikk.