Status vaksinering Covid-19

I løpet av veke 29 skal alle uvaksinerte i kommunen ha fått ei tekstmelding om at det er deira tur til å ta kontakt med legekontoret for å få den første koronavaksinen sin. Dei som ikkje har fått ei slik melding blir oppfordra til å ta kontakt med legekontoret snarast, slik at tidspunkt for vaksinasjon kan avtalast. Det føregår i hovudsak onsdagar i gymsalen i Vestre Slidre kulturhus, bruk inngangen på sida av kulturhuset.  
Barn og ungdom i alder 12 til 18 som er i risikogruppe pga. underliggande sjukdommar/tilstandar eller annan risiko for alvorleg sjukdom blir oppfordra til å ta kontakt med fastlegen sin for vurdering av moglegheit for vaksine.

Sjå og statusside for koronavirus.