Stor aktivitet på Frisklivssentralen

Tilboda til Frisklivssentralen er i full sving etter nyttår! Bassengtreninga måndagar er særleg populær. Førre veke møtte 17 sprekingar opp til variert trening i varmt basseng.

Deltakinga på balansegruppene og styrketrening i Plassen er også god. Heile 14 stykkjar har møtt til balansetrening på det meste. Prosjektet «Hald deg på føto» er no blitt eit tilbod hjå Frisklivssentralen. Me vil bidra til å førebyggje fall blant eldre. Frisklivssentralen fekk nesten 20 tilvisingar i løpet av haustkvartalet i fjor. Deltakarane vert følgt opp individuelt. Mange har gjort endringar i levesett og etablert gode vanar med tanke på fysisk aktivitet og kosthald.

friskliv - Klikk for stort bilete