Takk til Vestre Slidre sanitetsforening

Slidre barnehage ynskjer å rette ein stor takk til Vestre Slidre sanitetsforening for støtta vi fekk til å kjøpe inn nytt leikeutstyr.

I førre veke var det ein stor dag då det stoppa ein lastebil utanfor barnehagen med mange fine og flunkande nye syklar til oss. Det gjekk ikkje lang tid før det var kø både til vaskehallen og for å få fylt bensin på syklane. Tusen takk for ei flott gåve som barna vil ha glede av i lang tid framover!