Tilskot til bustadbygging og prosjektering, utarbeiding av salsdokumentasjon og marknadsføring

Kommunestyret vedtok i KS-møte 24.06.2021 (KS-061/21) å etablere ei tilskotsordning for å stimulere til bustadbygging i Vestre Slidre. Det vert sett av kr. 1.000.000 pr. år til formålet. Søknadsfrist for 2021 er 1. september. 

Tilskot til nybygg av bueiningar som blir sett til utleige eller sal: 
•    Utbyggjar kan søkje om tilskot på inntil kr. 80.000 pr. brukseining som blir sett i utleige eller sal. 
•    Tilsegn om tilskot må vere gitt før oppstart grunnarbeid om ikkje kommunen godtek noko anna. 
•    Dei som allereie er tildelt gratis tomt i kommunale bustadfelt er ikkje omfatta av ordninga. 
•    Stønaden skal koma frå næringsfondet 
•    Ordninga gjeld ikkje bygging av fritidsbustader. 

Tilskot til prosjektering, utarbeiding av salsdokumentasjon og marknadsføring til nybygg av bueiningar for sal: 
•    Utbyggjar kan søkje om tilskot til prosjektering, utarbeiding av salsprospekt og marknadsføring på inntil kr. 50.000 pr. heilårsbustad, med tillegg på inntil kr. 10.000 pr. ekstra eining. 
•    Tilskotet blir utbetalt når prospektet er ferdigstilt. 
•    Stønad blir gjeve frå næringsfondet. 
•    Ordninga gjeld ikkje bygging av fritidsbustader. 

Tilskot til private personar som vil bygge eigen bustad: 
•    Utbyggjar kan søkje om tilskot på inntil kr. 100.000 for bygging av bustad til eigen bruk. Ordninga skal ikkje gjelde bygging av fleirmannsbustader for utleige eller sal. 
•    Dei som allereie er tildelt gratis tomt i kommunale bustadfelt er ikkje omfatta av ordninga. 
•    Ordninga skal gjelde nybygg. Den gjeld og restaurering av innkjøpt ubebodd hus der restaureringskostnadene overstig kr. 1 mill. ihht. fremlagt søknad og budsjett. 
•    Tilbygg, anneks og oppattbygging etter brann, naturskade o.l. er ikkje omfatta av ordninga.
•    Stønad blir gjeve frå disposisjonsfondet. 
•    Ordninga gjeld ikkje bygging av fritidsbustader. 

Søknad vert innvilga på følgande vilkår: 
•    Bygging/prosjektering/renovering må vere sett i gang minimum seks månader etter tilsagn, med mindre det er gode grunnar til anna. 
•    Midlane blir utbetalt ved framsyning av ferdigattest. 
•    Økonomisk stønad gjeld bygg på tomter som i dag kan bebyggast i samsvar med gjeldande planar. 
•    Viss søkjar har gjeve uriktige opplysingar i søknaden om tilskot, kan kommunen krevje tilskotet attendebetalt. 

Søknadsfrist: 
2021: 1. september. 
2022: Løpande frå 1. januar.