Tilskotsordning - kraft- og næringsfond
Kommunestyret i Vestre Slidre vedtok i møtet 8.mai ei utjamningsordning knytt til kraft- og næringsfondet.
Ordninga kan no bli søkt på og gjeld:
- Eigedommar med alminneleg skattesats på sju promille
- Eigedommar med ein auke i eigedomsskatt frå 2024 til 2025 på meir enn 300%
- I ei overgangsperiode fram til 2030
Formannskapet har vedteke tillegg til vedtektene for kraft- og næringsfondet. Vedtekter og retningslinjer for bruk av kraft- og næringsfondet finn du ved å trykke på denne linken.
Søknadsskjema for ordninga finn du ved å trykke på denne linken.
Søknadsfrist: 23.06.2025
Målsetjinga er at utbetalinger skal vere gjennomført innan utgangen av Oktober.
Sist endra 04.06.2025 21.45