Transportstønad ved kjøp av rundball

Kommunestyret i Vestre Slidre gjorde den 20. desember 2018 vedtak om at det skulle løyvast kr. 50,- pr. rundball i transportstønad for kjøp av rundball utanfor Valdres, oppad begrensa til 500 stk. rundball pr. føretak.

Dokumentasjon som må leggjast fram på landbrukskontoret er :

  1. Kopi av betalt faktura som viser kor mange av rundballane som er kjøpt og kor dei er kjøpte.
  2. Rundballane må være kjøpt etter 01.06.2018
  3. Konto nr. som pengane skal førast på.

Frist for innlevering av dokumentasjon til landbrukskontoret / Mørstad er 01.02.2019

Klikk for stort bilete