Tusen takk til Vestre Slidre Sanitetsforening for pengestøtte til prosjektet «Trygg i vann»

Klikk for stort bilete Tusen takk til Vestre Slidre Sanitetsforening for pengestøtte til prosjektet «Trygg i vann» for dei eldste barna i Slidre barnehage og Røn naturbarnehage. Med midlane frå dykk skapar vi gode erfaringar med vatn og gjennom leik blir vi kjent med å være i eit basseng, prøve å flyte med kroppen vår, dykke hovudet vårt under vatn og kjenne på gleda over å kunne meistre å bli tryggare i vatn. Pengane går òg til transport frå Røn – det å kunne få oppleve å reise på tur som ei gruppe er godt og trygt å kjenne på for barna.
Så nok ei gong takk for at de har gjeve oss denne opplevinga. 

Stor helsing frå oss i Slidre Barnehage og Røn naturbarnehage