Utlysning driver av Kulturkaféen

Vestre Slidre kommune søkar ekstern driver av kaféen i kulturhuset i Vestre Slidre.

 

Bakgrunn / formål:
Kulturhuset utgjer i dag sentrum for aktivitet i Vestre Slidre. I dette bygget ligg grendakaféen som no vert pussa opp til ein sosial møteplass og kafé for innbyggarane i kommunen. Kommunen søkar ekstern driver til kaféen i kulturhuset frå og med 01.08.2021.

Det er ønskjeleg at kaféen skal fungere som eit senter for aktivitet og trivsel i kommunen og det sjåast som viktig at driver engasjerer seg i dette og vil samarbeide med kommunen og andre om korleis vi saman kan nytte kaféen til å få til mest mogleg for innbyggarane i bygda.

Kaféen må vere ein naturleg del av aktivitetstilbodet i kommunen. Det blir forventa at driver bidreg til aktivitet i samarbeid med Frivilligsentralen, skulen, ungdomsklubben, grendalaget og andre aktørar og tilpassar opningstider til aktivitetane i kulturhuset.

Kaféen skal, i tråd med Vestre Slidre si satsing på landbruk og lokal matproduksjon, servere lokal mat og kunne tilby mat basert på etterspørsel.

 

Kvalifikasjonskrav:
Ekstern driver må ha kvalifikasjonar, erfaring og ressursar for å ivareta påkravde tenester.

 

Kunngjering:
Utlysinga vert annonsert i Avisa Valdres, på kommunen si heimeside og på Facebook.

Frist for innlevering av tilbod: 20.06.2021

Kriteria for evaluering av tilbod:
1. Tilbydar sine kvalifikasjonar/ressursar 50%
2. Pris 50%

 

Ved interesse kontakt:

Kulturkaféen v/Cathinka Vik
Tlf: 90614464

E-post: cathinka.vik@vestre-slidre.kommune.no