Stad: Kulturhuset, Fagernes.
Dato: Tysdag 06.06.23.
Få informasjon om korleis du kan få en trygg, smart og god kvardag og alderdom. Vi vil også vite kva som er viktig for deg.
Program
Dagen er delt inn i to like økter:
- kl.11.00 - 15.00
- kl.16.30 - 20.30
Formålet med samlinga er å skape dialog med innbyggjarane. Gi informasjon og forventningsavklaring mellom innbyggar og kommune. Det blir foredrag frå ulike helse- og omsorgstenester i valdreskommunane, samt aktørar som kan sette søkelyset på viktige forhold i kvardagen.
Du vil møte utstillarar med ulike teknologi og løysningar som kan bidra til ein smartare og tryggare kvardag. Du vil få moglegheit til å snakke med representantar frå de ulike kommunane og få svar på dei spørsmåla du har rundt tenestetilbodet i kommunen.
Programmet finn du her i pdf-format. (PDF, 133 kB)
Transport
Det er satt opp buss-transport til økta på dagtid. Bussane er tenkt for dei som ikkje har eigen bil, eller med utfordringar som gjer at dei er avhengig av transport for å kome seg til og frå Fagernes.
Påmelding til transport i Vestre Slidre til tlf 90024536 (man-fre 8-15)
Frist for påmelding til transport er 22.mai.