Vassmålaravlesing 2023

No er det tid for vassmålaravlesing og det blir sendt ut SMS-varsling måndag 11. desember til dei som har registrert mobilnummer for avlesning.  Det blir og sendt ut avlesningskort via SvarUt til dei som ikkje har SMS-varsling.

 

Frist for innlesing på SMS er 21.desember. Får du ikkje lese av målaren før etter 21.desember, vil det bli sendt ut ei ny SMS påminning den 22. desember med ny svarfrist 1. januar. Har de spørsmål om avlesing, ta kontakt med kommuna på telefon 61 34 50 00.

Svarslipp for rapportering av vassmålaravlesing
Dei som har fått avlesningskort i digital postkasse (Digipost, Altinn, E-boks), kan fylle ut målarstand, signere og sende svarslippen til Vestre Slidre kommune. Her kan du og leggje inn mobilnummer hvis du ynskjer å få lese av målaren på SMS ved neste års avlesing.
På avlesningskortet står det ei kode som kan brukast hvis ein ynskjer å lese av på den web-baserte løsninga, leseav.no.


Frist for innlevering på leseav.no og avlesningskort er 6. januar 2024.

Har de spørsmål, ta kontakt på telefon 61 34 50 00.

Vasslekkasje kan være dyrt. Til og med ei kran som berre dryp langsamt kan bruke fleire tusen liter på eit år. Ein WC kan lekke verkeleg mykje vatn, opptil fleire hundre tusen liter vatn på eitt år. Slike lekkasjar må du betale for. Gjer det til vane å kontrollere at det ikkje lek heime hos deg: Steng alle kraner og kontrollér at ingenting rører seg på vassmålaren. Er det bevegelse på vassmålaren din når alle kraner er stengt: Ring ein røyrlegger!

Kontaktinfo

Camilla Bjone Hålien
Sekretær - teknisk avdeling
E-post
Telefon 46 91 19 41