Vedtak i namnesak i Vestre Slidre kommune 08.11.2023
I samband med adressering i Vestre Slidre ba kommunen Kartverket om ta opp namnesak for namna Gardvik/Garvik, Fossheim/Fosheim, Mosvatnet/Movatn/Movatnet og i tillegg namnesak for Nørdre Trollhovd/Nørre Trøllhøvd og Storhovd/Storhøvd. I tillegg tok Kartverket opp namnesak for Kåta/Kota/Køta i samband med vedtak av adressenamnet Køtavegen.
Kartverket har i brev til kommunen 08.11.2023 oversendt deira vedtak for skrivemåten på desse stadnamna.
Vedtaksbrev og liste over aktuelle namn med avleiingar kan du sjå her:
I namnesak som gjeld bruksnamn vert det sendt ut eige brev om vedtaket direkte til dei dette gjeld.
Vedtak om skrivemåten kan etter §12 i lov om stadnamn påklagast av dei som etter §6 bokstav a til c har rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn. Klagefristen er tre veker frå melding om vedtaket er komen fram til mottakaren, eller om den er kunngjort offentleg tek klagfristen til frå den dagen vedtaket er kunngjort.
Ei eventuell klage skal sendast kartverket- post@kartverket.no med kopi til kommunen- post@vestre-slidre.kommune.no
Sist endra 15.11.2023 10.08