Vestre Slidre innfører påbod om bruk av munnbind i butikkar i påska

Klikk for stort bilete Vestre Slidre kommune innfører "Mellombels forskrift om førebygging av koronasmitte" i perioda 26. mars - 7. april 2021. Dette medfører bla krav om bruk av munnbind i butikkar, serveringsstader og taxi, samt tydelege avstandsreglar i skiheisanlegg. 

Du lan lese forskrifta her: 
https://lovdata.no/dokument/LF/forskrift/2021-03-19-773

Det er viktig at innbyggjarar og besøkjande set seg inn i denne forskrifta før den trer i kraft fredag 26. mars.

På linkane under finn du informasjonsmateriell som butikkar, serveringsstader og andre verksemder kan nytte for å informere om påbod om bruk av munnbind:

Plakat om bruk av munnbind

Plakat om bruk av munnbind på engelsk