Vestre Slidre kommune innfører midlertidig byggestopp i områder som sokner til Vaset RA

Vestre Slidre kommune har over tid hatt utfordringar med Vaset RA, som det har vore arbeidd med å utbetre. Dette er arbeidet er vi ikkje i mål med. Utsleppsløyvet for anlegget seier at tal PE på anlegget maksimalt skal være 2600. Anlegget sin tekniske kapasitet er angitt til 3200 PE. PE er ei forkorting for personekvivalent og er eit uttrykk for kapasitet og belastning i m.a. avlaupsreinsing. Vaset RA er eit anlegg som er utset for store svingingar i aktivitet og på einskilde dagar overstig tilførselen 2600 PE. Det har vist seg krevjande å drifte anlegget på grunn av svingingane og det ser ut til at måten vi drifter anlegget på er hovudutfordringa. Dette gjeld både periodar med lågt trykk og periodar med høgt trykk. Arbeidet med å optimalisere drifta av anlegget og gjere tekniske tilpassingar, er under arbeid.

Vi har 5 prøver i 2022 som ikkje overheld reinsekrava. Med bakgrunn i dette vil kommunen innføre midlertidig stopp av tilkopling til anlegget. Den midlertidige stoppen vil gjelde inntil kommunen er trygg på at reinsekrava er innfridd over tid. Byggestopp vil gjelde nye søknader som kjem til kommunen frå og med 14.november.

På vegne av Vestre Slidre kommune beklagar eg dei ulempene ein stopp i tilkopling vil medføre for den einskilde, men det er naudsynt å få det driftsmessige på plass slik at reinsekrava blir innfridd over tid, før nye tilkoplingssøknadar kan handsamast.

Vi orienterte under kommunestyremøtet i oktober at vi har prøver som ikkje tilfredsstiller reinsekrava i 2022. I kommunestyremøtet ga vi orientering om kva for tiltak det blir arbeid med og på kva for måte. Orienteringa var meint å gje informasjon om korleis Vestre Slidre kommune saman med Norconsult og leverandøren av anlegget arbeidde for å løyse utfordringane.  Kommuneleiinga sin intensjon var ikkje å bagatellisere utfordringane og eg beklagar om det er inntrykket enkelte sit att med etter orienteringa. Orienteringa vart gjeve ut frå det arbeidet vi hadde gjort så langt og dei driftsoptimaliserande løysingane vi jobbar med. Kommuneleiinga tek situasjonen på høgaste alvor og brukar mykje ressursar og har engasjerte tilsette for å finne gode løysingar, på kort og lang sikt.

Vestre Slidre kommune er i prosess med ny hovudplan for vatn og avlaup. Vi legg til grunn at under arbeidet med denne planen vil vi få varige løysingar på plass for kommunen sine VA-anlegg, også for Vaset RA. Vi har satt i gang prosjektering av nytt Vaset RA parallelt med arbeidet med hovudplanen. Det er likevel slik at arbeidet med dei langsiktige løysingane samt arbeidet med å driftsoptimalisere anlegget ikkje er i mål før vi har vist at reinsekrava er overhalde over tid og i periodar med lite trykk og periodar med mykje trykk.  

Vi har nytt tilsyn i desember og dette tilsynet blir viktig for å sjå om jobben vi har gjort syner utvikling i rett lei.

Slidretun, 11. november 2022

 

Rolf Stalenget
Kommunedirektør