Vestre Slidre kommune reviderer kommuneplanens arealdel

Vestre Slidre kommune er no i gang med å revidere kommuneplanens arealdel. Prosessen tek for seg kvar me kan tenkje oss å ha  bustadtomter, næringstomter eller hyttetomter. Dermed omfattar prosessen både bygda og fjellet.

Klikk for stort bilete

Varsel om planoppstart vart lagt ut 21.10.2016, og fram til 1. juli 2019 var det kome inn over 130 innspel. Desse er alle vurdert av administrasjoen, og vart lagt fram for formannskapet 5. september. Du kan lese alle inninnspela her på dei to linkane under

Sak 10/215 og Sak 17/385

Føringar
Viktige prinsipp som har lege til grunn i arbeidet med planen so langt har mellom anna vore tomtereserve, V/A-utbygging, byggjeområde for fritidsbustader, kva gjer me med gamle planer og eksisterande tomter og statsallmenning. Mange diskuterer fjellgrense, og me har vist korleis det kan gjersast.

Her er linken til saken som gjekk i formannskap 5. september

Der kan du lese om planen og arbeidet so langt, du kan sjå fjellgrensa på kartet, eller du kan lese om prosessen vidare.

Framdrift
Formannskapet godkjende utkast til høyring 5. september 2019, men fyrst skal det innarbeidast nokre endringar. Deretter vert planen lagt ut med 8 veker høyringsfrist. Me reknar med at ny arealdel  vert vedteke i løpet av våren 2020. Ferdig vedtake plan vert sendt til departementet, fylkesmannen, regional planmyndighet og berørte statlige myndigheter. Følg med på www.vestre-slidre.kommune.no