Vi har digitalisert fakturautsendinga

Det vert stilt krav til offentleg sektor om å tilby meir effektive og miljøvenlege digitale løysingar. Som eit ledd i dette, har Vestre Slidre kommune innført digital fakturautsending.

Kva betyr dette for deg?
Vi prøver å sende alle fakturaer digitalt via eFaktura, AvtaleGiro, Vipps Regning, digital postkasse (Digipost eller eBoks) eller som vedlegg i e-post.
Dersom det ikkje er mogeleg for deg å motta fakturaen på denne måten blir fakturaen sendt i posten.

Les meir her (PDF, 87 kB).