Viktig informasjon - koronatiltak 17. mars

Klikk for stort bileteSom følgje av tilfellet ved Gjensidigegården er det fleire nærkontakter i Vestre Slidre. Desse er sett i karantene og er/blir testa.  Aktuelle personar blir kontakta for testing.

Grunna framleis uavklart smittesituasjon med nærkontakter i barnehage og skule, vil 2., 5. og 6. klasse ved Vestre Slidre skule, og heile Røn naturbarnehage vere i ventekarantene torsdag.

Det vil seia ingen kontakt med andre enn dei barnet bur saman med,  inntil prøvesvar føreligg.

Familien elles er ikkje i karantene. Ventekarantene betyr vanlegvis ein til to dagar.

Nærare beskjed kjem i løpet av  torsdag.

Kulturhuset inkl. trimrom vert stengt onsdag, torsdag og fredag grunna framleis uavklart smittesituasjon.

Kulturskulen opprettheld 1:1 undervisning etter nærare avtale mellom elev og lærar. 

Grunna framleis uavklart smittesituasjon stenger me for besøk av pårørande ved sjukeheimen inntil vidare.

    Forvirra av det nye omgrepet ventekarantene?

    Dei nye virusa smittar lettare, så vi må setje fleire i karantene frå start.

    • Nærkontakt til smittetilfelle = karantene i 10 dagar + test inn og ut av karantene.
    • Nærkontakt til nærkontakt = ventekarantene inntil nærkontakt har fått negativt svar på fyrste test.
    • Ventekarantene = kortvarig karantene